Til dette FLOTTE KLIMATILTAKET 😊😊 vil jeg bare si, BUON APPETITO!

https://www.nrk.no/mr/norinsect-i-stordal-har-larvefabrikk-fora-opp-pa-restavfall-fra-produksjon-av-grandiosa-og-ol-1.16711221

I ti Ă„r har dei forska for Ă„ lage den perfekte larvefabrikken. No er det like fĂžr storproduksjonen er i gang.

Desse larvane blir til mjĂžl og olje, som igjen blir til fĂŽr i til dĂžmes fiskeoppdrett, kyllingproduksjon og til kjĂŠledyr. MjĂžlet har over 70 prosent protein.

FOTO: REMI SAGEN / NRK

Olaug BjĂžrnesetJournalist

Remi SagenJournalist

Vi rapporterer frĂ„ Stordal

Publisert i dag kl. 12:01

Del pĂ„ Facebook Del pĂ„ Twitter Del pĂ„ epost

CO₂ I ATMOSFÆREN

421,9 ppm

1,5-GRADERSMÅLET

+1,09 Â°C

Les mer om klima

Millionar av larvar buktar og bender seg inne i fabrikklokalet. Tidlegare var det mĂžbelproduksjon her, men no er mĂžblane bytta ut med insekt.

Truckar kÞyrer inn og ut med materiale, og det pÄgÄr byggearbeid over alt. Bak ei stengt dÞr er sjÞlve fabrikken. Men der slepp vi ikkje inn. Ti Är med forsking og utvikling kan ikkje avslÞrast.

– Det vi har brukt ti Ă„r pĂ„ Ă„ utvikle, kan kopierast av andre pĂ„ ein halvtime. Vi kan ikkje risikere det, seier dagleg leiar i Norinsect Harald Larsen Espeland.

Harald Larsen Espeland vil ikkje avslĂžre korleis ein perfekt larvefabrikk ser ut.

FOTO: REMI SAGEN / NRK

Umetteleg marknad

MjĂžlbillelarvane skal bli til proteinrikt larvemjĂžl og olje. Dette blir igjen til dyrefĂŽr for dei som hadde ete insekt naturleg om dei levde fritt i naturen – til dĂžmes laks, hĂžns og grisar. I er det ogsĂ„ populĂŠrt som fĂŽr til kjĂŠledyr.

I Är stÄr mykje pÄ spel for Norinsect i Stordal pÄ SunnmÞre. Investorane har vore tolmodige og venta pÄ at forsking og utvikling skal gi pengar i kassa til slutt.

No skal det skje.

LarvemjÞl frÄ Norinsect.

FOTO: REMI SAGEN / NRK

Til vĂ„ren stĂ„r 3500 kvadratmeter larvefabrikk klar til storproduksjon. Det blir dĂ„ ein av dei stĂžrste – om ikkje DEN stĂžrste- insektfabrikken i Norden.

Om alt gÄr etter planen skal dei 14 tilsette kunne hauste mellom 10 og 15 tonn larve per veke frÄ august. IfÞlge larveoppdrettar Espeland er marknaden umetteleg.

– Det er fantastisk spennande. I dei ti Ă„ra vi har lagt bak oss har det vore mykje spenning, glede og frustrasjon. Det er jo ting ein trur skal funke, som viser seg Ă„ ikkje funke likevel. Men no ser vi fram til Ă„ fĂ„ fabrikken skikkeleg i gang, seier han.

Harald Larsen Espeland med larvar fÎra opp pÄ pizza og Þl.

FOTO: REMI SAGEN / NRK

Grandiosa og Ăžl

SĂ„ kva har dette med Grandiosa og Ăžl Ă„ gjere?

Jo, ein av grunnane til at Stordal er perfekt plassering for ein larvefabrikk, er at det blir produsert store mengder pizza i nabokommunen Stranda. Grandiosafabrikken til Orkla leverer restar av deig, pizzabotnar og tomatsaus som fĂŽr til larvane. Mat som elles hadde blitt avfall.

– I tillegg fĂ„r vi ein del restprodukt frĂ„ Ăžlprodusentane i omrĂ„det. Og det er noko vi Ăžnsker Ă„ ta imot meir av framover, forklarar dagleg leiar Harald Larsen Espeland.

– Larvane er altsĂ„ fora opp pĂ„ pizza og Ăžl?

– Pizza og Ăžl, ja. SĂ„ her er det god stemning.

Det blir mindre matsvinn hos pizzafabrikken til Orkla pÄ Stranda nÄr larvane et det som blir til overs.

FOTO: LENA HØYBERG / NRK

Unikt prosjekt

Dag Olav Stokken er kommunikasjonsdirektÞr i Orkla Foods. Han seier dei heile tida jobbar med Ä ha mindre matsvinn, men at dei berre mÄ innsjÄ at dei har noko av det.

– DĂ„ er det veldig bra at vi kan bidra til at Norinsect kan bygge opp ei spennande bedrift.

KommunikasjonsdirektĂžr i Orkla Foods, Dag Olav Stokken.

Matavfallet frÄ pizzafabrikken kjem no i konteinarar til Stordal, i starten var det berre snakk om nokre kilo med avfall. Verken Norinsect eller Orkla betalar for samarbeidet, og kommunikasjonsdirektÞren seier prosjektet er unikt.

– For det fĂžrste synest vi det er spennande Ă„ vere med og utvikle korleis matavfall kan brukast pĂ„ ein berekraftig mĂ„te. Dernest er det veldig bra at vi fĂ„r til ting i kort avstand frĂ„ fabrikken, slik at vi slepp lange transportetappar for matavfall. Og sist, men ikkje minst, sĂ„ er det veldig spennande at vi kan vere med pĂ„ Ă„ utvikle nĂŠringslivet i vĂ„rt nĂŠromrĂ„de.

SlÄ pÄ lyd

Satsar pÄ larvefabrikk

Slik lagar Norinsect larvemjĂžl og olje.

HĂ„per det inspirerer andre

Norinsect fekk nyleg Klimasnuprisen frÄ Statsforvaltaren i MÞre og Romsdal.

Klimakoordinator Anne MelbÞ seier bedrifta tar vare pÄ bÄde klima og natur fordi dei har starta fabrikk i lokale som alt sto der, og produserer dyrefÎr ved Ä bruke avfall som rÄvare.

SjĂžlv har larvefabrikken bortimot null avfall.

– Dei tikkar av pĂ„ nesten alle boksane som gjeld Ă„ ta vare pĂ„ . Vi hĂ„per andre kan bli inspirerte til Ă„ ta i bruk det vi alt har og utnytte det pĂ„ best mogleg mĂ„te. DĂ„ mĂ„ bedriftene samarbeide, som dei gjer her, seier ho.

Anne MelbĂž er klimakoordinator hos Statsforvaltaren i MĂžre og Romsdal.

FOTO: REMI SAGEN / NRK

Smakar baconcrisp

For Harald Larsen Espeland er denne prisen bevis pÄ at dei har nÄdd eit av mÄla med Norinsect: Ä bidra til eit lÄgare klimaavtrykk i fÎrbransjen. Det neste mÄlet er Ä tene pengar pÄ insektfabrikken.

Det skal etter planen skje i lĂžpet av Ă„ret.

Og gÄr den fÞrste fabrikken bra, er det alt planar om Ä opne fleire larvemjÞlfabrikkar andre stader.

– Det er ein kjempestor marknad vi skal sĂžrve, sĂ„ det vil absolutt vere rom for ein god del insektprodusentar framover. SĂ„ trur eg det vil stabilisere seg etter kvart med nokre store i Europa. Vi Ăžnsker Ă„ vere ein av dei, seier han.

Portrett av mjÞlbillelarve, Tenebrio molitor, pÄ Norinsect i Stordal.

FOTO: REMI SAGEN / NRK

– Men er det berre dyr som kan ete larveprodukt?

– Nei, men fleirtalet av menneska er kanskje ikkje heilt klar for det enno. NĂ„r dei er klare, er vi klare.

– Er du klar? Har du ete larve?

– Eg er klar, ja. Det smakar baconcrisp. Kjempegodt, seier Harald Larsen Espeland.

Publisert i dag kl. 12:01

Du vil kanskje ogsÄ like

Mer fra forfatter

+ There are no comments

Add yours

Dette nettstedet bruker Akismet for Ă„ redusere spam. LĂŠr om hvordan dine kommentar-data prosesseres.