Til dette FLOTTE KLIMATILTAKET 😊😊 vil jeg bare si, BUON APPETITO!

https://www.nrk.no/mr/norinsect-i-stordal-har-larvefabrikk-fora-opp-pa-restavfall-fra-produksjon-av-grandiosa-og-ol-1.16711221

I ti år har dei forska for å lage den perfekte larvefabrikken. No er det like før storproduksjonen er i gang.

Desse larvane blir til mjøl og olje, som igjen blir til fôr i til dømes fiskeoppdrett, kyllingproduksjon og til kjæledyr. Mjølet har over 70 prosent protein.

FOTO: REMI SAGEN / NRK

Olaug BjørnesetJournalist

Remi SagenJournalist

Vi rapporterer frå Stordal

Publisert i dag kl. 12:01

Del på Facebook Del på Twitter Del på epost

CO₂ I ATMOSFÆREN

421,9 ppm

1,5-GRADERSMÅLET

+1,09 °C

Les mer om klima

Millionar av larvar buktar og bender seg inne i fabrikklokalet. Tidlegare var det møbelproduksjon her, men no er møblane bytta ut med insekt.

Truckar køyrer inn og ut med materiale, og det pågår byggearbeid over alt. Bak ei stengt dør er sjølve fabrikken. Men der slepp vi ikkje inn. Ti år med forsking og utvikling kan ikkje avslørast.

– Det vi har brukt ti år på å utvikle, kan kopierast av andre på ein halvtime. Vi kan ikkje risikere det, seier dagleg leiar i Norinsect Harald Larsen Espeland.

Harald Larsen Espeland vil ikkje avsløre korleis ein perfekt larvefabrikk ser ut.

FOTO: REMI SAGEN / NRK

Umetteleg marknad

Mjølbillelarvane skal bli til proteinrikt larvemjøl og olje. Dette blir igjen til dyrefôr for dei som hadde ete insekt naturleg om dei levde fritt i naturen – til dømes laks, høns og grisar. I er det også populært som fôr til kjæledyr.

I år står mykje på spel for Norinsect i Stordal på Sunnmøre. Investorane har vore tolmodige og venta på at forsking og utvikling skal gi pengar i kassa til slutt.

No skal det skje.

Larvemjøl frå Norinsect.

FOTO: REMI SAGEN / NRK

Til våren står 3500 kvadratmeter larvefabrikk klar til storproduksjon. Det blir då ein av dei største – om ikkje DEN største- insektfabrikken i Norden.

Om alt går etter planen skal dei 14 tilsette kunne hauste mellom 10 og 15 tonn larve per veke frå august. Ifølge larveoppdrettar Espeland er marknaden umetteleg.

– Det er fantastisk spennande. I dei ti åra vi har lagt bak oss har det vore mykje spenning, glede og frustrasjon. Det er jo ting ein trur skal funke, som viser seg å ikkje funke likevel. Men no ser vi fram til å få fabrikken skikkeleg i gang, seier han.

Harald Larsen Espeland med larvar fôra opp på pizza og øl.

FOTO: REMI SAGEN / NRK

Grandiosa og øl

Så kva har dette med Grandiosa og øl å gjere?

Jo, ein av grunnane til at Stordal er perfekt plassering for ein larvefabrikk, er at det blir produsert store mengder pizza i nabokommunen Stranda. Grandiosafabrikken til Orkla leverer restar av deig, pizzabotnar og tomatsaus som fôr til larvane. Mat som elles hadde blitt avfall.

– I tillegg får vi ein del restprodukt frå ølprodusentane i området. Og det er noko vi ønsker å ta imot meir av framover, forklarar dagleg leiar Harald Larsen Espeland.

– Larvane er altså fora opp på pizza og øl?

– Pizza og øl, ja. Så her er det god stemning.

Det blir mindre matsvinn hos pizzafabrikken til Orkla på Stranda når larvane et det som blir til overs.

FOTO: LENA HØYBERG / NRK

Unikt prosjekt

Dag Olav Stokken er kommunikasjonsdirektør i Orkla Foods. Han seier dei heile tida jobbar med å ha mindre matsvinn, men at dei berre må innsjå at dei har noko av det.

– Då er det veldig bra at vi kan bidra til at Norinsect kan bygge opp ei spennande bedrift.

Kommunikasjonsdirektør i Orkla Foods, Dag Olav Stokken.

Matavfallet frå pizzafabrikken kjem no i konteinarar til Stordal, i starten var det berre snakk om nokre kilo med avfall. Verken Norinsect eller Orkla betalar for samarbeidet, og kommunikasjonsdirektøren seier prosjektet er unikt.

– For det første synest vi det er spennande å vere med og utvikle korleis matavfall kan brukast på ein berekraftig måte. Dernest er det veldig bra at vi får til ting i kort avstand frå fabrikken, slik at vi slepp lange transportetappar for matavfall. Og sist, men ikkje minst, så er det veldig spennande at vi kan vere med på å utvikle næringslivet i vårt nærområde.

Slå på lyd

Satsar på larvefabrikk

Slik lagar Norinsect larvemjøl og olje.

Håper det inspirerer andre

Norinsect fekk nyleg Klimasnuprisen frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Klimakoordinator Anne Melbø seier bedrifta tar vare på både klima og natur fordi dei har starta fabrikk i lokale som alt sto der, og produserer dyrefôr ved å bruke avfall som råvare.

Sjølv har larvefabrikken bortimot null avfall.

– Dei tikkar av på nesten alle boksane som gjeld å ta vare på klima og miljø. Vi håper andre kan bli inspirerte til å ta i bruk det vi alt har og utnytte det på best mogleg måte. Då må bedriftene samarbeide, som dei gjer her, seier ho.

Anne Melbø er klimakoordinator hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

FOTO: REMI SAGEN / NRK

Smakar baconcrisp

For Harald Larsen Espeland er denne prisen bevis på at dei har nådd eit av måla med Norinsect: å bidra til eit lågare klimaavtrykk i fôrbransjen. Det neste målet er å tene pengar på insektfabrikken.

Det skal etter planen skje i løpet av året.

Og går den første fabrikken bra, er det alt planar om å opne fleire larvemjølfabrikkar andre stader.

– Det er ein kjempestor marknad vi skal sørve, så det vil absolutt vere rom for ein god del insektprodusentar framover. Så trur eg det vil stabilisere seg etter kvart med nokre store i Europa. Vi ønsker å vere ein av dei, seier han.

Portrett av mjølbillelarve, Tenebrio molitor, på Norinsect i Stordal.

FOTO: REMI SAGEN / NRK

– Men er det berre dyr som kan ete larveprodukt?

– Nei, men fleirtalet av menneska er kanskje ikkje heilt klar for det enno. Når dei er klare, er vi klare.

– Er du klar? Har du ete larve?

– Eg er klar, ja. Det smakar baconcrisp. Kjempegodt, seier Harald Larsen Espeland.

Publisert i dag kl. 12:01

Du vil kanskje også like

Mer fra forfatter

+ There are no comments

Add yours

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.